Talentprosjektet

Talentprosjektet er eit samarbeid mellom Førdefestivalen og Rikskonsertane. Kvart år samlast unge talentfulle musikarar frå Norge og to andre land til to vekeslange verkstadar. Den første verkstaden skjer i samband med Førdefestivalen, den andre i eitt av dei andre landa som er representerte i prosjektet. Med talentprosjektet ønskjer festivalen å gje unge musikarar høve til å utvikle seg sjølv i møtet med andre musikktradisjonar.

Talent 2016


I år kjem talent-deltakarane frå Kenya, Malawi og Norge:

Norske deltakarar er alle studentar ved Norges musikkhøgskole: Helga Myhr frå Torpo i Hallingdal - fele, dans, vokal. Ingeborg Ulberg Sommar frå Røros - fele
Torfinn Hofstad frå Verdal - fele

Frå Kenya kjem desse tre: Faith Wangui vokal, dans, gitar. Saumu Kazia dans, trommer, vokal Omari Mwatela Swaleh perkusjon (sengenya, marimba, chapuo, kayamba, leg jingles)

Dei tre deltakarane frå Malawi er: Asante Maulidi perkusjon, dans, vokal. Thokozani M¹doko vokal, dans, perkusjon. Patrick Chimbewa tsansi (mbira)

 

Kva skjer?



Foto/video