Talent 2015 på returbesøk til Armenia

Deltakarane i det internasjonale talentprosjektet er ikkje berre samla under Førdefestivalen kvart år, men gjennomfører også eit returbesøk til eitt av dei andre deltakarlanda i løpet av året som kjem. Destinasjonsland for returbesøket til Talent 2015 var Armenia, og turen gjekk av stabelen i april 2016. 

Dette vart ei ny spennande oppleving for alle musikarane, dei to musikalske leiarane, Andreas Ljones og Mahsa Vahdat, og reiseleiar Hilde Bjørkum, som utfordra dei norske deltakarane til å fortelje om opphaldet i kvart sitt reisebrev. Dei kan du lese HER