Om talentprosjektet


Internasjonalt talentprogram

Førde Internasjonale Folkemusikkfestival har med støtte frå UD og i samarbeid med Rikskonsertane sidan 1995 gjennomført eit internasjonalt musikkprosjekt for talentfulle unge musikarar før og under den årlege festivalen i Førde i juli. Gjennom desse åra har over 200 unge musikarar frå 35 land deltatt i prosjektet.

Prosjektet sitt hovudføremål er å hjelpe fram unge, dyktige musikarar. Vi vil gje dei høve til å utvikle seg både musikalsk og menneskeleg gjennom samarbeid med andre musikarar og profesjonelle leiarar, og bidra til at dei får oppretta og utvida eit internasjonalt fagleg nettverk som kan vere til hjelp i ein vidare musikkarriere. Vi ynskjer og å bidra til at deltakarane får auka respekt for og innsikt i eigen og andre sin kultur gjennom musikarmøte, og slik også auke deira interesse og moglegheiter for å verke som musikarar.

Det er òg eit mål å la unge musikarar få sjansen til å presentere resultatet av musikalsk samarbeid for eit stort festivalpublikum, og gjennom dette styrke framveksten av frie kulturruttrykk og kulturelt mangfald. I tillegg er det eit mål å bidra til styrking av den kulturelle infrastrukturen i dei landa vi samarbeider med gjennom internasjonalt samarbeid.

Utøvarane arbeider saman i nokre dagar før festi­valen startar, og har så ein stor ”Talentkonsert” og fleire opptredenar under festiva­len i Førde.

Som del av talentprosjektet vert det òg arrangert eit “returbesøk” til eit av dei to andre deltakarlanda i prosjektet. Dette aukar både den kunstnarlege og den sosiale verdien av prosjektet.