Talent 2015 Iran, Armenia, Norge


I 2015 kom talent-deltakarane frå Iran, Armenia og Norge:
Deltakarane frå Iran er Afarin Nazari (ghanoon), Firoozeh Raeesdana (vokal) og Golnoush Salehi (tar)
Frå Armenia kjem The Harutyun Chqolyan Trio med Harutyun Chqolyan (duduk), Monica Nazaryan (vokal), og Albert Ordinyan (dhol)
Norske deltakarar er Malin Victoria Alander (vokal) frå Sandane, Hans P. Kjorstad (fele) frå Sør-Fron og Selma French Bolstad (fele) frå Ås.


Selma French Bolstad frå Ås

Selma spelar fele.


Malin Victoria Alander frå Sandane

Malin Victoria er songar. 

Malin Victoria Alander - fotoKnutUtler_2sk.jpg


The Harutyun Chqolyan Trio

Med Harutyun Chqolyan (duduk), Monica Nazaryan (vokal), og Albert Ordinyan (dhol)

Chtoqlyan Trio_Talent 2015 Armenia.jpeg

Hans P. Kjorstad.jpg

Hans P. Kjorstad

Hans spelar fele. 


Firoozeh Raeesdana

Firoozeh er songar. 

Firoozeh_-Talent-2015_DSC_1158.jpg

Golnoush Salehi

Golnoush spelar tar.


Afarin Nazari

Afarin spelar ghanoon.

Afarin - Talent 2015 _n.jpg

Kunstnarlege leiarar for Talent 2015:

Andreas Skeie Ljones, folkemusikar og kreativ kulturentreprenør frå Lillehammer med mange jarn i elden. I dag driv han dansekompaniet Villniss saman med Silje Onstad Hålien, og Vicomte, eit selskap i skjeringspunktet mellom kultur og næring. Andreas var den første som tok diplomeksamen i hardingfele på Musikkhøgskulen. Han spelar òg i ensemblet Majorstuen.

Mahsa Vahdat, har songutdanning frå persiske meistrar og studiar ved universtitet i Teheran. I Norge samarbeider ho med Kirkelig Kulturverksted og har arbeidd med SKRUK og Tord Gustavsen. Ho har også arbeidd med den amerikanske soulartisten Mighty Sam McClain. Sidan 2007 har Mahsa Vahdat vore ambassadør for Freemuse, ein internasjonal organisasjon som kjempar for ytringsfridom for musikarar, komponistar og artistar. I 2010 vart ho tildelt Freemuse sin årlege pris.