Returbesøk til Armenia: April 2016

 

- Vi er veldig takknemlige for å ha fått lov til å møte disse fantastiske menneskene. Det har vært en utrolig minneverdig, lærerik og fin uke.  Tusen takk til de musikalske lederne Andreas Ljones, Mahsa Vahdat. Og tusen takk til Hilde Bjørkum, Førdefestivalen og Rikskonsertene. 

Dette skriv dei norske deltakarane Selma F. Bolstad, Hans P. Kjorstad og Malin Victoria Alander i reisebreva sine etter deltakarane i Talent 2015 møttest til returbesøk i Armenia i april 2016. 

Her er breva deira: 

Selma F. Bolstad
20 år fra Ås
Instrument: Fele

Syv hele dager skulle vi få oppholde oss i Armenias hovedstad, Yerevan. Og vi fikk virkelig opplevd mye på kort tid. Etter øving reiste vi i buss, gjerne til to ulike severdigheter hver dag.

Vi fikk se blant annet en kirke som var gravd delvis ut for hånd inne i fjellet: Geghard Monastery of the cave, fra 1300-tallet. Her kunne du ønske deg et ønske, om du fikk småstein til å sitte igjen i hull i fjellveggen. Det ble ingen ønsker på meg. Akk, mangt et forsøk.

I det ene rommet i kirken var det en spesiell akustikk. Jeg og Malin sang litt beskjedent for å teste ut klangen i rommet. Så kom en av våre to musikalske ledere inn i rommet, fantastiske Mahsa Vahdat. Hun begynte å synge. Midt i rommet, for full hals. Alle de andre som oppholdte seg i rommet ble tause og oppslukt i sangen. Det var et helt magisk øyeblikk. Ingen klappet etterpå. Det var bare stillhet og takknemlige nikk.

Av alle stedene vi dro var det spesielt et som satte sterkt inntrykk hos alle. ”The Armanian Genocide Museum”. Det ga oss et innblikk i noe som, hvertfall ikke jeg hadde hørt så mye om. Folkemordet på minst 1,5 mil armenere mellom 1915 og 1920. Hvorfor jeg ikke har hørt om dette i historie eller religionstimene på skolen har jeg lurt mye på i etterkant.

Minnesmerket utenfor hadde en flamme som brant konstant og folk la blomster rundt. Det var en sørgmodig sang som ble spilt på anlegg rundt på plassen som skapte en spesiell stemning. Det er spesielt ekkelt å tenke på hvordan slike grusomheter fortsatt skjer i dag. Som i Syria. Det ble en stille busstur hjem. 

Det var utrolig koselig og se igjen og bli enda bedre kjent med de andre deltakerne. Jeg kan love det at det ble tatt nok gruppebilder på denne turen. Dette er min favoritt.


Hans Kjorstad, her omkransa av dei tre iranske deltakarane i Talent 2015.

Hans Kjorstad, her omkransa av dei tre iranske deltakarane i Talent 2015.

Hans Kjorstad
23 år fra Harpefoss
Instrument: Fele

 

Armenia vart oppretta rundt 500 år før vår tidsrekning, men er mykje eldre enn det, faktisk ein av verdas eldste sivilisasjonar. Armenarane var mellom dei aller fyrste til å utvikle jordbruk og bysamfunn, heilt attende til Mesopotamisk tid. Arkeologiske utgravingar kan tyde på at dei siviliserte samfunna i Kina, India, Mesopotamia og Egypt alle kom frå høglandet rundt Jerevan. Me snakker altså om sivilisasjonens vogge! Armenarane har alltid hatt mykje å stri med. Deira mektige naboar har mellom anna vore romarane, perserane, osmanarane og russarane. Rundt 1915 vart 1,5 millionar armenarar drepne da leiarane i Det Osmanske Riket bestemte seg for å debortere alle armenarar som budde i det som i dag er Tyrkia. Armenia var også ein del av Sovjetunionen fram til 1990. I dag er er Armenia eit mykje mindre land enn det historisk sett har vore, og dei fryktar at dei kan minke enda meir. Førehaldet til russarane er ganske bra, men i aust og vest trugar fortsatt stormaktane Aserbadsjan og Tyrkia.

Alt dette gav oss eit bilete av at armenarane har og har hatt mykje å tenkje på. Dei har kanskje litt mindre sjølvtillitt og er litt mindre “coole”, enn til dømes persarane som var med på turen, som til tross for sin vanskelege situasjon med leiinga i landet sitt er utelukkande stolte og sjølvsikre folk. Våre samtaler omkring politikk og historie med armenarane forsterka denne kjensla. Særleg er førehaldet til Tyrkia betent, folkemord og andre kompliserte saker har skulda for det.

 

Eg kom på eit tidspunkt nesten til å gjere meg upopulær hjå innehavaren i ein platebutikk. Innehavaren hadde ei samtale på armensk med Harutyun, den fantastiske dudukspelaren som er ein del av Talent2015-prosjektet, og song eit par strofer av den tyrkiske nasjonalsongen. Eg gjenkjente denne umiddelbart, for eg har ved to anledningar hatt 17. Mai-oppdrag på den norske ambassada i Ankara. Då eg bemerka at dette var den tyrksiske nasjonalsongen, i håp om å kanskje få litt musikalsk cred, snudde stemninga. Den elles så sindige innehavaren byrja å snakke både høgare og raskare, og det høyrdes ikkje lengre ut som armenske høflegheitsfrasar. Då eg litt forskrekka spurde Hurutyun om kva som var gale, kom det fram at den tyrkiske nasjonalsongen slett ikkje var tyrkisk, for både teksta og melodien var skrive av ein armenar. Eg skjønte at her hadde eg dumma meg heilt ut, og forklarte at eg rett og slett ikkje kunne vite kven som hadde skrive denne songen, men at eg var lei meg og at eg i stor grad følte med armenarane i denne vonde konflikta. Då eg gestikulerte litt og sa at eg skjønte at nasjonalsongen til Tyrkia var “tyrkisk”, altså med hermeteikn, snudde atter ein gong stemninga, og han kalte meg ein kunnskapsrik viking.

 


Malin Victoria Alander
24 år fra Sandane
Songar

Dagane starta med øving på Sayat-Nova Music School der vi førebudde oss til konserten. Vi fekk øve i samme rom som vi skulle ha konserten, ein sal som var veldig godt egna for akustisk musikk. Etter øvingane fekk vi lunsj – alt frå fisk til armenske doughnuts. Min favoritt var Black Angus Burger, der var det Rihanna på anlegget og frisk mat. VI fekk sjå og høyre veldig mykje fint. Det å få høyre ei øving på Ashough Jivani Folk Music School var veldig spesielt. Musikken var heilt unik og heilt perfekt balansert i dynamikk. Det var som å få ein privatkonsert.

Besøket til Duduk-makaren var óg ein veldig unik opplevelse. Verkstaden hans var i ein kald kjellar og bestod av fleire små rom. Rommet der han laga instrumenta var stappfult av utstyr og påbegynte instrument, og alt var dekt av støv.

Eg vil trekke fram besøket til Garni-Geghard som starta med ein lang busstur med vakkert landskap. Då vi kom fram var det ei kraftig regnbyge som dempe stemninga litt for å gå ut av bilen, men sjølv om det var regn i lufta og litt kaldt (i allefall for min del) var det heilt nydelig. Utanfor var det ei lita bru, og over brua var det mange tre og busker med stoffbitar, hårstrikk, trådar knytta til greinene. Her kunne man ønske seg noko om man hadde noko å knyte på ei grein.

Det var så nydelig, fargerikt og ei rolig og magisk stemning, tanken på å gå mellom alle ønskene var heilt spesielt. Alle opplevingane vi fekk var fine, men det aller finaste var folka. Vi har blitt veldig gode venner med alle frå Iran og Armenia. Vi kan slappe av saman, le saman, spele saman og prate ordentleg saman. Sjølv om vi er frå ulike kulturar er vi veldig like.