Talent 2016: Kenya, Malawi og Norge


Internasjonalt talentprosjekt

Talentprosjektet er eit samarbeid mellom Førdefestivalen og Rikskonsertane. Kvart år samlast unge talentfulle musikarar frå Norge og to andre land til to vekeslange verkstadar. Den første verkstaden skjer i samband med Førdefestivalen, den andre i eitt av dei andre landa som er representerte i prosjektet.

Med talentprosjektet ønskjer festivalen å gje unge musikarar høve til å utvikle seg sjølv i møtet med andre musikktradisjonar.

I 2016 kom talent-deltakarane frå Kenya, Malawi og Norge. Dei kunstnarlege leiarane er Unni Løvlid og Ivan Mazuze.  


Norske deltakarar er alle studentar ved Norges musikkhøgskole: 

Helga Myhr frå Torpo i Hallingdal

fele, dans, vokal


Ingeborg Ulberg Sommar frå Røros

Fele

Malin Victoria Alander - fotoKnutUtler_2sk.jpg

Chtoqlyan Trio_Talent 2015 Armenia.jpeg

Torfinn Hofstad frå Verdal

Fele


Frå Kenya kjem desse tre:

Faith Wangui

vokal, dans, gitar

Saumu Kazia

dans, trommer, vokal

Omari Mwatela Swaleh

– perkusjon (sengenya, marimba, chapuo, kayamba, leg jingles)

Hans P. Kjorstad.jpg

Turleiar for talenta frå Kenya er Wakake Otieno, som tidlegare har delteke i talentprosjektet i Førde! 


Dei tre deltakarane frå Malawi er:

Firoozeh_-Talent-2015_DSC_1158.jpg

Asante Maulidi

perkusjon, dans, vokal


Thokozani M¹doko

vokal, dans, perkusjon


Afarin - Talent 2015 _n.jpg

Patrick Chimbewa

tsansi (mbira)


Kunstnarlege leiarar for Talent 2016:

Unni Løvlid: Internasjonalt kjend folkesongar frå Hornindal. Ho er ein viktig tradisjonsbærar, men også ein døropnar som gjennom si opne og eksperimentelle tilnærming, klarer å få element frå folkesong med seg over i andre sjangrar – og vise versa. Unni Løvlid er ein svært etterspurd songar, som har heile verda som arbeidsplass. 

unni_løvlid5_foto_ingvilSkeieLjones.jpg

Ivan Mazuze: Komponist og saksofonist, fødd i Mozambique, no busett i Norge. Ivan Mazuze er ein dyktig formidlar av den lange og sterke jazztradisjonen i Sør-Afrika, der han har jazzutdanninga si frå. Han har sitt eige jazzensemble, men som frilansar spelar han også med musikarar som Bugge Wesseltoft, Omar Sosa, Manou Gallo med fleire. Han underviser i treblåsar-instrument ved Oslo Kulturskole.